Post by PÃ¥l Næsshuff, stille opp i noe slikt uten minst ett høydeopphold, uten å
kjenne løypa, og uten et eneste treningsdøgn...
Eg har hatt eit lengre høgdeopphald på Galgeberg. Faktisk over fem år,
med berre veldig få avbrekk. Så eg skulle tru at eg var godt budd.
Post by PÃ¥l Næssjeg trenger å vite hvor stigningene i løypa er, slik at jeg vet hvor
jeg kan legge inn støtene og hvor jeg kan ta et hvileskjær.
Lytt til erfarne fjellfolk:
(Eg har starta TW-løpet fire gonger.)
1. Start så fort du har fått tak i t-skjorta. Det vil truleg seie
kl 13.53. Då har du sjanse til sitjeplass på fyrste post.
2. Det er truleg håplaust å komme inn på andre post.
3. Grønlandshagen har stort sett plass til alle
4. Heretter er det blitt naturleg strekk i feltet.
5. Rundt Lompa er det på tide å vurdere eit skikkeleg måltid, slik at
ein kan klare å halde lengre tid.
6. Her blir det komplisert utover. For det fyrste har ein både
Smalgangen og Grønland å følgje, om ein skal ha med alt. For det
andre er det plassar som no, innan du når fram, har blitt så lei
TW-løparar at dei nektar inngang om ein har t-skjorta, sjølv om for
går oppreist og kan gjere greie for seg.
7. Når du kjem over Akerselva er feltet så spreidd at det berre er
smågrupper løparar å sjå. Somme har problem med å finne neste pub
på det her tidspunktet. Blir det vanskeleg så peil inn retningen på
Plaza. Då er det lettare å finne Galleri Oslo, der Café Fiasco
ligg.
8. Eg har aldri nådd så langt som Fiasco, så her anar eg ikkje meir.
Post by Pål Næssjeg trenger en treningsleir.
Prøve Grünerløkka?
Post by PÃ¥l Næssselger man uteøl på proletardagen?
Jepp. Har sjølv vore møkkings før solnedgang minst eit par av gongene
siste fire-fem åra. Og eg har gjort det på Justisen kvar gong. Der brukar
Kampen Janitsjar å ta ein friluftskonsert i bakgarden etter at det har
marsja frå seg for dagen.
--
Morten
Newsarar mot X-No-Archive
Ein vanleg feil mange gjer er å lese n.a.f før dei les andre grupper.